På leiting etter drøymemannen

Kåseri på nynorsk av Raymond Karlsen, skrevet i 2. klasse på Nesodden VGS i 2002-2003.

Raymond heitte ein mann; han var av ætta Karlsen, son av Dått, herse frå Noreg. Eg er Raymond. Enkelt fortalt er eg faktisk raymond ætt karlsen dått no, eller raymond@karlsen.no. Den sistnemnde måten å presentere meg, er berre ei fornya utgåve av den førstnemnde. Det er nemleg slik det meste er. Same møkka, berre i ny innpakning.

Eg heiter altså Raymond, og kjem frå Noreg. Ikkje veit eg kvifor eg er her frå Noreg, og ikkje veit eg kvifor eg heiter Raymond heller. Det er berre slik det er. Eg mistenkjer at foreldra mine hadde ein finger med i spelet når det gjeld valet av namn, mens Gud valde nasjonaliteten min. Eg er stolt over å vere norsk, stolt over å vere nordmann. Det er det likevel ikkje mange nordmenn som er. Stolte over at eg er nordmann, altså.

Men eg er på ingen måte stolt over å vere meg sjølv. Det er så mye ved meg som ikkje er bra nok. Eg er ikkje høg nok, ikkje pen nok og ikkje vakker nok. Eg har for mye feitt på kroppen, for lite vett i toppen, for store øyre, dei er ikkje løye, høgt hårfeste, er dårleg i det meste, har for smale skuldrar, ei stemme som buldrar, ein bakdel med mye gass, og eg har altfor lita tisselass. Eg held ikkje mål, rett og slett. Eg er ikkje god nok for verda, og verda er ikkje verdig den stakkarslege medverknaden min.

Slik føler no i alle fall eg det.

Nei, det er ikkje mye ved meg som vekkjer interesse hos andre menneske. Eg peikar meg ikkje ut i noko folkemengd, det er vel heller folkemengda som peikar meg ut. Peikar meg ut av gjengen. Ut av rekkja. Ut av gruppa. Ut av øya. Som Robinson-deltaker ville eg vel blitt stemt heim allereie før flyet hadde letta frå Fornebu. Og om så ikkje var tilfelle hadde eg nok blitt kasta av flyet ein eller annan stad i nærleiken av Filippinane, Freetown eller Flekkefjord. Kasta av i fart. Eg har aldri vore nokon stor fan av dette med å fly, og ikkje blir det betre av slike tankar. Når eg skal ut og fly sjekkar eg alltid om det ligg nokre tyggjegummiar i rullebanen. Og dersom flyet ”luggar” litt ved take-off, blir eg svært uroleg. Likevel, eg forlèt sjølvsagt ikkje flyet i fart, slik eg hadde blitt nøydd til ved ein eventuell medverknad i Robinson. Eg har nemleg hørt rykte om at det kan vere skadeleg å forlate eit fly i fart. Men, men, kanskje hadde det vore det beste for meg. Det er jo ingen menneske som synest eg er verdig for dei likevel, ikke sant?!

Kva er det så som gjer meg til noko uverdig menneske samanlikna med dei store og vellykka menneska eg ser opp til? Eg nemner i fleng eksempel som Sputnik, Moskva-Marit og Cowboy-Laila. Sjølv er eg ikkje sikker på kvifor eg ikkje held mål. Eitt viktig poeng kan vere at eg aldri har vore i Se og Hør, og heller da aldri har fått leggje ut om den nye leveroperasjonen min, kampen mot kiloane og forholdet mitt til Sven O.

Eitt anna, og kanskje enda mindre uviktig poeng, er at eg nok ikkje har vore bevisst nok i profileringa av meg sjølv. Det er da ingen som vil ha ein som meg. Eg har ikkje mye pengar, ikkje fint hus, ikkje mange venar, ikkje rask bil og heller ikkje treg bil. Ikkje blei eg begava med ein utsjånad som held til noko særleg høgare enn minus tolv på Richters skala, heller.

Men eg kan da late som. Det er her eg har vore for sløve dei seinare åra. Eg veit om mange som lèt som at dei kan noko, eller har ein medfødd gåve, for å bruke andre ord, utan at dei eigentleg er noko betre enn oss andre. Prins Ærede Høyhet Sir Ari Behn er eit godt eksempel på dette. Når Behnner'n gir seg ut på milelange klatringar opp i dei vakre fjella zom leiar heilt til himmelen, veit nemleg eg at eg hadde klart å klatre ei mil høgare enn det Ari-gut klarer. Og når Ari viklar seg inn i forteljingar om evige horizonter av kjærleik, veit eg at eg hadde klart å kjærlighetere meg enda lenger inn i den aller zizte horizonten. For eg veit at eg er god zom faen. Eg får berre ikkje vizt det.

Zå det zå meg.

Det handlar altså i det store og det heile om å gi folk eit inntrykk av at du kan noko eller er noko. Det er truleg på akkurat dette eg er dårlegast. Eg viser meg rett og slett ikkje nok fram. Og utan at eg får vist fram dei uoverkommelege eigenskapane mine, er det jo heller ingen som vil leggje merke til meg. Synd, men sant. Det har seg nemleg slik at eg er ein talentfull ung herremann. Eg har sølv frå krinsmeisterskapen i synkronsymjing, og eg fekk diplom for deltaking i Grelle Thights-løpet tre år tilbake i tid.

Kva er det så menneskja er ute etter å sjå hos meg? Kva bør eg vise fram? Korleis er eigentleg idealmannen? På det sistnemnde spørsmålet er eg nok nøydd til å svare ”veit ikkje”. Grunnen til det er at eg veit faktisk ikkje korleis idealmannen er, i og med at det tross alt er kvinner som har utforma dette vesenet. Og kva kvinner tenkjer på, er frå tid til annan ikkje godt å vite. Noko veit eg likevel. Idealmannen skal til dømes ikkje ha ølmage, ikkje ha ei dame på si', ikkje vere puppefiksert, ikkje like fotball og i alle fall ikkje vere lat. Vedkommande skal vere omgjengeleg, pen, sosial, hyggeleg, snill, god i senga, pen, kjekk, søt, pen, sexy, pen, god i senga, vakker, pen, god i senga og pen. Sjølv oppfyller eg vel svært få av desse krava.

Eg har ofte lurt på korleis slike bilete av idealmenn og –kvinner oppstår. Det er mogeleg at media har skylda, med tanke på den ustanselege dekninga av alle celebritetane som framstår så fromt som perfekte. Det er mye pupper og lår i underhaldningsdelen av avisene. Eg skal innrømme at eg har sansen for ein del av desse skapningane. Dei kvinnelege. Om eg berre hadde vore som dei, hadde nok alt vore mye betre. Altså, at eg hadde vore som dei mannlege.

Det er altså noko vi berre må leve med, dette med at såkalla idealpersonar finst. Vi kan jo kanskje trøste oss med at det nok har eksistert idealpersonar i mangfaldige tusenår. På Jesu tid bar den perfekte kvinna på eit barn, i Vikingtida bar ho på ei tønne med mjød, mens no for tida ber ho på ein eller annan depresjon med eit vanskeleg namn, som vi gutar absolutt må hugse namnet på. Det går ikkje akkurat oppover her i verda.

Sjølv om denne framstellinga kanskje gjer eit inntrykk av at det har vore store forandringar på det biletet som finst av idealpersonar, treng det nødvendigvis ikkje å vere slik. Det finst heilt sikkert likskapstrekk, også. For eksempel var nok Den Perfekte Mann i Vikingtida like lite til stades da som tilsvarande person er no. Alle kvinner ville også den gongen ha idealmannen, men ingen visste kor dei skulle leite for å finne han. Det gjekk rykte over heile Noreg om at Idealmannen var funen på Island i Herrens år 1000. Men det var berre Gud som hadde kome. Og ingen vil vel ha ein gammal mann med skjegg, som sit og lèt seg på ein sky heile dagen. Matlaging kunne han nok heller ikkje.

Dette var kanskje det nærmaste vikingtispene kom å få seg eit skikkeleg mannfolk, ein drøymemann. Eller var det kan hende Harald Hårfagre som var den store helten? Vakker som han var, med eit nydeleg og opphissande hår. Vi har ein tilsvarande person i dagens samfunn, hans namn er David Beckham. Men er han nokon idealmann, da? Nei, eg trur faktisk ikkje det. Eg trur ikkje han har den intelligensen og den sjarmen som blir kravd av ein idealmann no til dags. Sånn i farten kjem eg faktisk på ein person som kanskje kan stille som kandidat til prisen Miss Drømmemann. Og han er norsk. Akkurat som meg. Namnet er Bjørn Dæhlie, yrket er kleskolleksjonsinnehavar. Dæhlie har sjarm, han er karisma, han har sikkert utsjånaden og ikkje minst; han er ein meister innanfor både sitt noverande og sitt tidlegare yrke. Den godaste Bjørn sprang nemleg uhorveleg fort på snøplankar tidlegare. Ikkje rart i grunnen at Bjørnegutt blei flink på ski. Han blei jo fødd med høgdehus på beina. Da er det ikkje rart han blir god. Det nærmaste underteiknade var eit høgdehus under fødselen var 4. etasje på Riksen.

Eg trur faktisk at idealmannen aldri har eksistert, eg. Heile konseptet er berre ein draum skapt av eldre tantar som ikkje har smakt onkel på mangfaldige år. På bakgrunn av dette vil eg faktisk påstå at situasjonen på mange måtar er den same no som den var for tusen år sidan. I utgangspunktet er det faktisk dei same draumane folk går rundt og ber på, men det er nok korleis desse draumane framstår som er det som har forandra seg. Det er med draumar som med russiske dadlar; dei blir ikkje noko betre med åra.

Sjølv kunne eg godt tenkje meg ei idealkvinne. Men ikkje veit eg kor eg skulle finne henne, ei heller kor eg skulle oppbevare henne. Så eg droppar den tanken, sjekkar at fjernkontrollen og potetgullet er innan rekkevidde, lenar meg godt tilbake i lenestolen og fortset den iherdige treninga mi for å bli ein perfekt mann. Ein mann for damene. Ein mann alle liker.

Ein såkalla idealmann. As if.

Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
EKSAMEN TENTAMEN STORE NORSKE