Arven frå GerhardsenKåseri av Linda BjørkliNokre gonger elskar eg fotball! Ja, for nå har nesten alt gått den rette vegen for oss vennar av ”underdogsane”, dei som ikkje er rekna som dei beste. Tromsø er på god veg opp i ”det gode selskap” etter eit år i underetasjen, men Brann krabbar tappert i motsett retning. Eg følgde ivrig med på den siste runden av Tippeligaen, og sjølv om eg eigentleg ramla av lasset etter at sumarferien til spelarane var unnagjort og Lyn byrja å tape, har eg heile tida hatt eit inderleg ynskje om at Rosenborg ikkje skulle ta sitt ellevte strake seriegull. Eg var hos faren min i helga, og vi sat oss ned føre TV’n søndagen då mykje skulle avgjerast. Vi visste allereie då at Rosenborg hadde sikra seg seriegullet, men det var uklart kven som skulle få dei andre medaljane, kven som skulle følgje Start ned i 1. divisjon og kven som skulle slå følgje med ”Gutan” frå Tromsø opp i Eliteserien. Om du spør meg, er dette god nok grunn til å plante seg ned føre TV’n i nokre timar. Så for ei lita stund lot vi verdsproblem liggje, terror fikk vere terror, statsbudsjettet fekk politikarane ta seg av, utan at vi akkurat der og då følgde med på den verbale krigen som frå tid til annan kan utspela seg på Stortinget. Eg ville blitt djupt såra og vonbroten om Bodø Glimt hadde rykka ned, så difor var dei nøydd til å vinne, noko dei også gjorde. Overraskinga Lyn tok bronsen, og Alta er frå neste sesong av med i 1. divisjon. Men skår i gleda finnast, for Rosenborg blir vi truleg aldri kvitt. Kvifor likar eg ikkje Rosenborg? Kva er det med laget som eg blir fråstøytt av når vi tenkjer på at det har vore synonymt med Noregs stoltheit i om lag eitt tiår eller der omkring? Eg føresteller meg at det finst fleire som tenkjer som meg. Fleire som er litt lei av Nils Arne Eggen og laget hans som uansett kor mykje ein vrir og vender på det, ikkje sviktar i lengda. Ja visst, vi ante lys i tunnellen for ein kort periode, då rekkja med tap voks seg alvorleg stor og det lenge så ut til at ”Troillungans” stordom var forbi. Men like fullt, utan å teke omsyn til ”den norske folkesjela”, snudde dei trenden i august ein gong, og starta jakta på poeng som vi no veit enda opp med seriegull. Dersom Rosenborg hadde rota seg bort i poengåkeren og tapt dei siste kampane, ville det blitt liv i norsk fotball si tilhengjarskare. For med unntak av dei som faktisk heiar på dette laget, kan eg ikkje tenkje meg anna enn at oss fotballmenneske ville opphalde seg i en form for hypnotisk tilstand om dette skjedde. La oss sjå på cupfinalen 2003, som til dømes blir spelt mellom seriemeister for tolvte gong, Rosenborg, og det nyopprykka Aalesund. Kven heiar folket på? Jo, Aalesund! Kvifor heiar vi ikkje på topplaget Rosenborg, som i tillegg har ny trenar? Ein skulle kanskje tru at det er god nok grunn for å sympatisere med gjengen frå Trøndelag, men det er det ikkje. Aalesund, på den andre sida, er kva vi kallar ”underdogs”. I denne samanhengen vil det seie at Aalesund ikkje akkurat er dei vi ventar skal vinne, dei er frå byrjinga underlegne Rosenborg. Og det er slike vi heiar på. Eg vil tru at dei fleste støttar dei såkalla ”taparane”, unntaket her er jo nøydd til å vere tilhengarane til Rosenborg, men dei har allereie selt sjela si, så dei reknar vi ikkje med. Vi finn dette mønsteret igjen i andre saker enn fotball, men det er i sær idretten som har dei klare ”underdogsane”. Eg og ein sportsinteressert gjeng sat som limt fast til skjermen under OL som gjekk av stabelen for nokre månader sidan. Når ingen norske utøvarar var gode nok til å bli medrekna i øvre del av resultatlista, heia vi fram deltakarar frå små land vi nesten ikkje visste fanst. Jo særare, di betre. Ingen av oss heldt med Austerrike i slalåm, og tyskarane fekk ingen sympati i hoppbakken. For dei vi satsa på, kom frå ukjende hoppnasjonar som Kasakhstan, eller land som førebels har skjenkt verda få dugelege alpinistar, slik som Albania og Moldova. Det einaste som kunne finnast artig med å sjå austerrikarane suse nedover dei olympiske bakkar, openberra seg når dei tryna. Det er ikkje til å stikke bak ein stol at eiga lykke er vel og bra, men å sjå andre mislykkast, er heller ikkje å forakte. Poenget vil difor vere at folk flest har ein grunnleggjande forkjærleik for dei som stillar svakast. Kan det hende at Einar Gerhardsen er innblanda i dette? Sjølv vi som er for unge til å ha opplevd Noreg under styret hans, har hørt mykje om han som var landsfader for ein generasjon, og som i høgste grad drog landet opp frå uføret vi sat i etter krigen. Med han lærte vi oss kva det vil seie å helde med ”underdogsane”. Og eg meinar ikkje berre dei sportslege ”underdogsane”. Nei, det verkar no å vere inngrodd i den norske folkesjela at vi skal helde med dei veike, og kanskje er det landsfaderen vi har å takke. Vi som kom noko seinare har vakse opp i heim sterkt påverka av denne mannen, for på tida då han regjerte, trudde ungar ofte at ein kunne sette likskapsteikn mellom Gerhardsen og statsminister. Mange visste faktisk ikkje at vi kunne ha andre statsministrar enn han. Eg høyrde for kort tid sia om ”taparforeininga”, eller Landsforeningen Rettferd For Taperne, som ho er eigentleg er kalla. Kva for slags foreining dét er, kan ein alltids undra seg over, men om vi skal vere heilt ærlege, høyras ho ikkje særleg lukrativ ut. Den fyrste tanken eg fikk, var Otto Jespersen si figur ”Birger”, ein stakkarsleg kar som ikkje eig stort, og det han eig, er ting har hatt sia 70- åra. For nokre er han sjølve personifiseringa av omgrepet ”tapar”. Difor kan ein lett førestille seg møta i ”taparforeininga” som eit ”Birgertreff” kor alle klagar over prisane på straum og brød, men det er langt frå sanninga. Etter det eg har forstått, er det meininga at foreininga skal hjelpe menneske som har fått ein skeiv start på livet med å takle det offentlege Noreg. Slike ”taparar” vinn støtta vår, i sær etter å ha stilt opp i media. Den fundamentale kjensla av likskap kryp fram i alle og ein kvar når desse såkalla ”underdogsane” på direkten fortel om kor tøft livet deira har vore. Og sånt får lommebøkene våre til å opne seg. Kanskje er det berre her i den vesle kroken av verda det er vi som kunne heie på dei svake? Truleg ville nok ikkje ein foreining for taparar gjere det stort i USA, for det heiar folk på seg sjølv, og sånn er det. Ville amerikanarane rope ”Heia Rosenborg” i den tenkte cupfinalen vår? Arven frå Gerhardsen, er dette er ein mogeleg grunn til at vi i Noreg held med Aalesund framføre Rosenborg? Unntaka som stadfestar regelen om solidaritet, for dei finst jo òg, må vere dei som sym i pengar og har kapital nok til at dei ikkje lenger bryr seg så mykje om andre si velferd, men det gjeld nok ikkje meir enn ein promille av folkesetnaden, så dei reknar vi ikkje med. Lenge leve ”underdogsane”! |
|
Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
|
