Det hender at ein lykkast

Novelle på nynorsk av Raymond Karlsen, skrevet i 2. klasse på Nesodden VGS i 2002-2003.

Bussen gjekk stille over dei snødekte fjella, akkurat slik den unge mannen likte det. Han sat langt framme i bussen, på ein av dei fremste seta. Det var ingen andre på bussen, forutan bussjåføren, ein middelaldrande mann som mest av alt minnet den unge mannen om faren til ein barndomskamerat. Sjølv var han ein ganske normalt utsjåande mann i midten av 20-åra. Han hadde mørkt og ganske kort hår, og var pent kledd i mørk dress, med kvit skjorte og ein lang, moteriktig frakk. Han hadde sete på bussen ei stund, og han trudde at det framleis var ei stund att til stoppestaden der han skulle av. Der han ikkje skulle lenger. Det var faktisk noko han ikkje ein gong tenkte på akkurat no.

Den unge mannen sat i sine eigne tankar og kikka ut av vindauget. Han såg på dei kvitkledde fjelltoppane, nokre av dei smaug seg oppover mot himmelen, mens andre stupte ned mot bratte dalar. ”Dei var nødvendige desse fjella”, tenkte den unge mannen. Utan fjell går det strake vegen bortover. Og det går ikkje, tenkte han.

Med eitt såg den unge mannen ein kvit fugl som flaug ved sida av bussen. Den kvite fuglen såg aleine ut, det såg ut som at han ikkje visste kor han skulle. Det såg rett og slett ut som om den kvite fuglen sakna nokon å fly saman med, nokon å finne vegen med. Noko å fly mot, ei retning og eit mål.

Bussen stoppa. Det var ein del personar som skulle på. Den unge mannen sat og observerte menneska som gjekk på, det så ut til at det var to småbarnsfamiliar. To familiar som hadde vore på ein eller annan tur saman. Fire vaksne, fire barn, to kjernefamiliar. Dei sette seg omtrent midt på bussen, og okkuperte langt fleire sete enn strengt talt nødvendig. Det var likevel ikkje noko problem, i og med at det ikkje var fleire på bussen. Den unge mannen sat og følgde med på dei to familiane. Dei så slitne og trøtte ut, og ingen av dei sa stort. Dei var, sant å seie, eit trist syn, syntest han.

Litt seinare bråbremsa bussen. Noko hadde tvinga bussjåføren til å svinge unna og gjere ein skikkeleg stopp. Ein fugl sat i vegen. Den kvite fuglen. Han så bortkommen ut, som om han ikke visste kor han skulle, kun kor han var. Fuglen berre sat der, midt i vegen, og gjorde ikkje noko teikn på å ville gjere noko anna enn å sitje der resten av livet. Han veit jo ikkje kor han skal, tenkte den unge mannen, som sat i bussen og følte ei spesiell forståing for fuglen. Han veit ikkje kor han skal, gjentok han inni seg.

Bussen kom seg etter kvart vidare, etter at bussjåføren hadde gjort ei imponerande oppramsing av bannord retta mot den kvite fuglen. Bussen kjørte vidare, i si stille ferd over fjella. Litt seinare gjekk dei to familiane av, dei var truleg komne dit dei skulle, og trengde da ikkje bussen til si vidare ferd. Den unge mannen sat framleis på same plass, utan å vise teikn til å ha tenkt til å gå av på ei god stund enda. Han meinte at han ikkje skulle av, ikkje enda i alle fall.

Dei hadde kjørt i fleire timar no. Den unge mannen hadde vore med heilt frå starthaldeplassen. Naturleg nok, tenkte han om den saka. Han hadde sete og halvsove den siste tida, og ikkje fått med seg at han ikkje lenger var aleine på bussen. Eit par sete bak han sat to velkledde menn, omtrent på same alder som den unge mannen, og nesten heilt bak i bussen sat det ei jente. Ei heilt vanleg jente, som ikkje gjorde spesielt inntrykk på den unge mannen, i alle fall ikkje ved første augekast. Dei to mennene som sat like bak den unge mannen, sat og småprata med kvarandre. Det handla om pengar, fekk den unge mannen med seg, det handla om mye pengar. Dei to var avgjort involverte på aksjemarknaden, og var såkalla papirmillionærar. I alle fall noko i nærleiken av det. Dei snakka om investeringar, om å trekkje seg ut av selskap, opprette kontaktar og å komme seg inn i nye marknader. Den unge mannen kunne ikkje ha vore mindre interessert. Han interesserte seg derimot meir for jenta som sat bak i bussen. Ho sat der, heilt stille og såg ned i ei bok. Ho lét blikket gli over sidene, som om ho ikkje berre las orda som stod der, men som om ho nærmast granska dei. Drog orda ut av boka med blikket, slik at ho best kunne forstå dei. Ho kikka eit lite augeblink opp på den unge mannen. Lét blikket kvile litt ved augna som møtte hennar. Den unge mannen såg raskt vekk, som om han ikkje ville la det synast at han hadde sete og sett på henne. Det var eit slik flaut augeblink den unge mannen ville unngå. Den unge mannen ville ikkje bli flau, ville ikkje at somme skulle le av han. Verda måtte få le av kva den ville, berre den ikkje lo av han.

Bussen stoppa igjen. Dei to forretningssnakkande mennene reiste seg og gjekk mot døra. Dei nikka til bussjåføren og takka for turen, nesten som om dei kjende bussjåføren frå før av. I det dørene opna seg, kunne den unge mannen igjen skimte den kvite fuglen han hadde sett tidlegare på turen. Den kvite fuglen flaug rundt bussen, utan mål og meining. Den flaug høgare, den flaug lågare, den flaug fram og tilbake. Den visste ikkje kor den skulle, og den unge mannen følte med den. Han ønskte å gå ut av bussen og rettleie den kvite fuglen, vise den kor den skulle fly. Ein veit ikkje kor ein sjølv skal fly, ein treng gjerne litt hjelp, tenkte han.

Dei to mennene gjekk av. På neste stopp gjekk den unge jenta av, nærmast upåakta for den unge mannen. Det var ikkje lenger fleire passasjerar enn han igjen på bussen. Det var kanskje på tide å gå av, tenkte den unge mannen. Han hadde tidlegare ikkje tenkt på å gå av, men han fann ut at det kanskje var tid for det no. Ein merke når det er på tide å gå av.

Den unge mannen gav teikn til bussjåføren at han skulle av. Bussjåføren svarte ved å seie at han gjekk da ut i frå det, i og med at neste stopp også var siste stopp. Ein kjem jo ikkje lenger enn til siste stopp, med mindre ein har tenkt til å kjøre tilbake igjen, da, la han til med hånleg stemme. Den unge mannen svarte at dette var han i aller høgaste grad klar over, men når ein ikkje veit kor ein skal, berre kor ein er, så veit ein ikkje heilt når det er på tide å gå av.

Det var kjølig ute. Inne på bussen hadde det i alle fall vore varmt og godt, men det var likevel noko som sa den unge mannen at det var betre å vere ute av den. Mannen stod seg på ein ganske øyde stad, utan busetnad eller teikn på sivilisasjon. Han gjekk bortover vegen, som var dekt av snø, likevel utan å vere særleg glatt. Vegen gjekk eit stykke opp i fjella, og det var langt ned på utsida av vegen. Den unge mannen stoppa opp for å sjå på utsikta. Han skimta ut, og såg alt, men ingenting. I det fjerne kunne han sjå bussen, som hadde snudd og var på veg tilbake den same vegen som den kom. Elles såg han berre dei snødekte fjella, dei vakre fjella. Fjella vi alle treng, for å komme oss vidare, eller innsjå at vi ikkje skal vidare.

Da oppdaga den unge mannen den kvite fuglen igjen. Den flaug så stille, så stille over han. Som om den ikkje ville bli oppdaga, som om ingen skulle sjå den.

Den unge mannen gjekk nokre skritt fram, tok sats, hoppa og flaug saman den kvite fuglen mot himmelen, sjølv om ingen av dei visste vegen.

Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
EKSAMEN TENTAMEN STORE NORSKE