Definisjonen på menneske

Av: Ingrid Brubaker

I følgje ordnett.no er ein makteslaus om ein er
- ute av stand til å handle; gripe inn
eller
- avmektig
eller
- kraftlaus.

Mennesket er ikkje mindre ubetydeleg enn når han står og ser opp på stjernevrimmelen og innser at dei alle er fleire millionar mil unna og det næraste me har vært dei berre var one small step for man, one giant leap for man kind. Berre det å filosofere over at me alle lever og pustar på ei lita kule som snurrar rundt i det svarte evinnelege og er så lita at arealet hennar ville dekka sola si overflate ufatteleg mange gongar, er nok til å gjere meg ør. Mot universet er me makteslause. Me kan ikkje stanse kometar som kjem susande i ein million kilometer i sekundet, og me kan ikkje hindre sola i å slokne snart. Det er ikkje som på film. Me er ikkje Bruce Willis. Det seies at universet aldri tar slutt, at det berre ekspanderer og utvidar seg og blir større og større og større og aldri ender. Det er svimlande lite me kan gjere med det. Kjensla av maktesløyse veks i takt.

Ein annan ting som er med på å forsterke maktesløysas omfang rundt menneska, er den globale oppvarminga som er i ferd med å steikje jordkloden. Nokre år tilbake sa politikarar og forskarar at me snart ville krysse den linja som gjorde at me ikkje kunne sjå tilbake når det gjaldt den globale oppvarminga me alle er med på å bidra til: At alt ville gå ein veg, og det var til helvete. Å stanse oppvarminga ville vere ute av vår rekkjevidd. No har me vel trampa oss hardt over den linja for lenge sida. Me bruk-og-kastar alt, me køyrer bil for å hente posten og til og med dei uskuldige fjortisane er med på destruksjonen, der dei hårsprayar i aust og vest. Det er ingen vei tilbake no, seier dei lærde: Jorda blir varmare og varmare, polane smeltar, Golfstraumen stoppar, det er sol i november og snø i april. Og det er ikkje noko menneska kan gjere med det. Me er ute av stand til å handle, som ordnett ville sagt det.

På eit meir personleg nivå, i ein heilt anna dimensjon enn dei to overståande emna, er skulen noko som fort gjer ein panisk kjensle av maktesløyse. Prøvar, innleveringar, saker ein bør kunne, saker ein MÅ kunne, indirekte objekt, Ivar Aasen, derivering, SOFT-analyse, inflasjon, sosialisme. Sjølv om hjernen er sprengfull og på grensa til overload, er det eit press utan like. For før kvar einaste prøve tenkjer eg det same.

1) Om eg ikkje lærer meg det her no, kan eg få dårleg karakter.
2) Om eg får dårleg karakter, kjem eg ikkje inn på universitetet eg vil.
3) Kjem eg ikkje inn på universitetet eg vil, får eg ikkje den utdanninga eg vil.
4) Får eg ikkje den utdanninga eg vil, får eg ikkje noko god jobb.
5) Får eg ikkje god jobb, får eg ikkje god inntekt.
6) Får eg ikkje god inntekt, får eg kanskje ikkje råd til ein stad å bu.
7) Har eg ikkje stad å bu, lar nok mann og barn og hund og bil vente på seg også.
8) Eg døyr aleine og einsam. End of story.

Har du EIN dårleg karakter, setter du framtida di på spill. Og så er ein totalt makteslaus igjen.

Ein ting som også bidreg til auka maktesløyse, er kontakt med det motsette kjønn. Ein total klisjé, eg veit. Og totalt urelevant når jorda ein gong i framtida går under. Men det er no eit problem som er veldig til stede likevel. Det maktesløyse i det, er at man berre faller crash bang boom for ein eller anna. Utan å ville det sjølv. Du kan ikkje bestemme kven du faller for. Det nyttar ikkje å fortelje hjerne og hjarte at du ikkje vil. Det skjer likevel. Total maktesløyse.

Til slutt, den eigenleg aller største kjelda til bekymring og maktesløyse. Deg sjølv. Eg-et, egoet, det eigne vesenet. Og da helst korleis du ser ut og korleis du oppfører deg. På dette planet er maktesløysa der heile tida, heilt frå fødselen av. Kven har ikkje stått framfor spegelen og forbanna dei store tenna eller det flate brystet eller dei store føtene, til dømes? Utsjåande er noko du ikkje har makt over i det heile tatt. Du kan jo prøve å smile litt mindre, stappe bomull i BH-en eller kjøpe for små skor, men til sjuande og sist har du det utsjåande du er fødd med. Og sjølv om det er forferdeleg irriterande til tider, er du makteslaus til å gjere noko med det.

Etter disse emna kan ein sjå at problema er bra ordna etter bekymringsstørrelse og maktesløyseomfang:

1) Universets og jordas framtid
2) Skule og utdanning
3) Hell på kjærleiksfronten
4) Eige utsjåande og personlegdom

Om sola sloknar og jorda sprengast i fillebitar, er det ingen som kjem til å hugse at du hadde ein kvise på haka. Både du og ditt livs kjærleik har anten blitt venn med Jesus eller kompis med Lucifer. Og dommedag ser ikkje forskjell på konge og hattemakar eller astrofysikar og kioskeigar. Kvifor er det då at det som regel følast som om

1) Eige utsjåande og personlegdom
2) Hell på kjærleiksfronten
3) Skule og utdanning
4) Universets og jordas framtid

er ein meir logisk og relevant samansetning? Det er jo ikkje slik at den dagen du ikkje fikk vaska håret, i staden vandrar rundt og smilar fordi familien har bytta ut bensinslukaren av ein Mercedes med ein liten elbil. Feittet i hovudbotnen er det du fokuserer på. Den dagen du finn ut at din store forelsking heller vil ha venninna di, er du ikkje fornøgd med at du fekk seks på ein prøve i staden.

Og det er nettopp der problemet ligg. Me burde ha skjønt det for lenge sida, eigenleg. Me burde skjønt det da me lo av klimaforskarane i staden for å høyre på kva dei hadde å seie. Me burde skjønt det då renessansens vismenn fann ut at jorda var rund og sola var stor og kometane kjem til å komme. Men det er nettopp det som er problemet. Me burde skjønt at menneske er vanedyr utan like. Me kan ikkje gjere noko med kometane, eller Golfstraumen, eller ozonlaget. Difor kan me like godt køyre på og ha tre bilar kvar, eller spraye hårspray vilt rundt oss.

For i følgje ordnett.no blir ein makteslaus om ein er
- ute av stand til å handle; gripe inn

eller
- avmektig

eller
- kraftlaus.

I følgje meg sjølv, er ein makteslaus berre ein er menneske.

Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
EKSAMEN TENTAMEN STORE NORSKE