”Ei sild og ei til”

Identitet kan være så mange ting. Ein kan snakke om kvinneidentitet, ungdomsidentitet, religionsidentitet osv. Eg er meir oppteke av den individuelle identiteten, og kva som former oss som menneskje og som gir oss vår egen identitet.

Tekst: Jenny Walderhaug Jensen

”Jeg prøver å finne meg sjæl” song Finn Kalvik tidleg på syttitallet. Men det er ikkje berre Finn Kalvik som er på leiting etter å finne sin egen identitet. Det er vi jo alle. Særleg er det i ungdomstida vi er på leit. Men da er ein ikkje så oppteke av sin egen identitet, ein er meir oppteke av alle andres. I diktet ”Ei sild og ei til”, skriver Hartvig Kiran om sild som symjar saman i flokk. Slik er det eigentleg også med menneska. Dei blir påverka av kvarandre og går saman i saueflokkar eller fiskstimar som Hartvik Kiran beskriv det:

”Ei sild, og ei til, stemnde inn mot land ein hustren vinterdag, fann så ut dei skulle symja dit i lag, ei sild og ei til. To sild, og to til, syntest endå ikkje dei var trygge nok, la seg buk ved buk og gjekk i samla flokk, to sild, og to til. Fire sild, og fire til, slo med åtte spordar trutt i same takt, stima stolt mot landet, trygge på si makt, fire sild, og fire til”.

For ikkje lenge sida, var eg ein tur i Bærum. Der hadde alle tenåringsjentene det ein kallar for ”Vestkantsveisar”. Dei hadde alle sideskillar som dei hadde jobba godt med framfor spegelen for å få det så stort og flokete som mogleg. Ja, trur du ikkje sveisane deira såg ut som ein einaste stor kake! Skrå bollesveisar, tenkte eg i mitt stille sinn. Men ikkje nok med dei oppblåste sveisane, jentene var alle like knall brune i andleta, og det midt på vinteren. Eg trudde fyrst det var utlendingar frå Sulululand, men nei då, dette var Bærumsbærtar med andletet fullt av brunkrem. Det som avslørde dei, var den kvite halsen dei hadde gløymd å smøre inn. Alle hadde dei gråe joggebukser og genserar med stor utringing. Dei såg ut som parodier på seg sjølve, og alle var dei heilt like.

Heldigvis er det ikkje så vanleg å sjå Vestkantsveisane på Nesodden. Men vi er vel ikkje så mykje betre her heller. På Nesodden har vi ein Steinarskule med deira tankar for kulturell oppseiing. Dei er kunstnarar og viser det til alle og einkvar ved å kle seg i fargerike kjortlar med matchande lilla skjerf. Eg treng kanskje ikkje gå i detalj, men eg kan seie som så at ein kjenner igjen ein steinar på ein mils avstand. Deira poesi er at ein skal vere naturleg, alle skal ha kunstnariske anlegg. Ein skal ikkje sjå på TV, men kle seg i sitt eige laken. Å sjå seg i spegelen er strengt forbode. Det er vel kanskje synleg på utsjånaden deira. Ja, dei ser nærmast ut som hufsa der dei vandrar rundt i sine vide uformelege gevantar. Steinarane trur sjølve at dei har eigne identitetar, men også inne i denne gruppa påverkast dei av kvarandre. Alle har dei, dei sama lange kjortlane og dei same meiningane.

Ein særskild Nesodden-greie er den politiske einsrettinga. Plutseleg meiner alle at vi skal ha folkeavstemningar om absolutt alt. På Nesodden har saueflokken bestemt at ingenting skal bestemmes før det har vore ein avstemning om det, og det er alle samde i. Snart skal vi vel ha folkeavstemningar om folkeavstemningane.

Ein annan måte å søke sin identitet på er å innbille seg at så lenge ein er ung er ein noe. Det er ikkje utan grunn at uttrykket ”Førr og Ferdig” dukka opp. Eldre kvinner og menn i dag, er veldig opptekne av å halde seg unge. Kvinner treng sjølvsagt ikkje å gå i kåpe og hatt, men når 50-år gamle damer prøver å presse dei flate rumpene sine ned i olabukser berekna på ungdommar har det gått for langt. Det kan også føre til ei generasjonsforvikling når mor vrikkar rundt med det sama bleika håret og i den sama stramme olabuksa som sin egen dotter. Har ikkje mor da mista noe av sin egen identitet i forhold til den yngre generasjonen? Treng ein ikkje eit lite skilje så ein kvar veit sin plass. I dagens samfunn identifiserer mange av 50-åringene seg med ungdommane. Det dei ikkje begripar er at kvar alder har sin sjarm.

Ein del av jakta på det ungdommelege finn vi også i slankeindustrien. Berre eg var slank og fast i fisken tenkjer mange, då ville eg finne tilbake til meg sjølv. Enten går de på spinning eller så spring dei på ei tredemølle på nærmaste treningsstudio. Mange tar også stavane fatt.

Med ein gong noen begynner å gå med stavar, ser vi korleis horden spring opp i skogen midt på sommaren med stavar. Ingen ser at det virker rart. Overalt kor vi går ser vi eldre menn og kvinner som febrilsk tek så hardt i som dei bare kan med sine stavar. Men det er liksom noe som manglar. Kor er skia? Og kor er snøen? Plutselig skal alle gå med disse stavane uansett årstid. Ja, sjølv på vinteren, når flotte skiløyper pregar landskapet, trampar dei opp skiløypene med sine tunge skor.

Det sama gjeld den nye vannflaskerevolusjonen som har treffe alle aldersgruppane. Overalt kor folk går, har dei vannflaskane under arma. Vannflaska har rett og slett blitt ein væskande byll sittande fast under armen. I alle samanhengar er den med. Enten folk er på jobb, i 50 årlag eller på ein romantisk middag, er vannflaska der. Med ein sånn iver etter å drikke vatn i alle mulege situasjonar, gjeld det å ha selskapsblære!

I dag kan ein nesten seie at mobiltelefonen også har blitt ein del av vår identitet.
Vår kjære mobiltelefon er nærmast blitt allmannseie i dag. Den har også blitt ein utvekst i likskap med vannflaska, bare at denne gongen sit utveksten ved øyret. Overalt hører vi folk snakke i mobiltelefonen. Enten det er på bussen eller på eit offentlig toalett. Overalt kor vi går, høyrer vi høye mobilsamtalar. Det er aldri fred å få. Samtalane er dessutan svært så personlege. Det kan i blant være litt irriterande å høyre på samtalar som ”Skal eg hente Gerds avføringspiller etter jobben?” eller ”Eg må til legen, eg har prostataproblem”.

I dag gjeld det også å ha den nyaste mobiltelefonen som fins. Den skal ha kamera, mp3 og ein skal kunne få inn så mange kanalar som muleg. Da eg og mine venninner ein gong skulle samanlikne våre mobiltelefonar, trudde eg at eg ikkje hadde noe å frykte. Eg la den stolt fram og venta ein stor respons. Alle dei andre mobilane var nemleg så små at det nesten var flaut. Min var den største. Men eg fann fort ut at det ikkje er slik. I dag gjeld det å ha den minste mobilen som mogleg.

Men har identiteten vår eigentleg ein fast form? Vi oppfører oss forskjellig avhengig av kven vi er til saman med og kven vi er. Derfor går det kanskje ikkje an å seie at ein har ein klar identitet. Men ein kjerne bør det likevel være lengts der inne. Det har på ein måte med integritet å gjere. Lar ein seg forme som ein var laga av plastilina, kan det fort bli farleg. Ein skal kunne samarbeide med andre, men ikkje gå i flokk i ein kvar samanheng. Da endar du fort opp som fiskane i stimen til Hartvig Kiran:
”Mange sild, og mange til, sat i garnet fast og kjende blodet fraus, rykte, sleit og reiv, men kom seg ikkje laus, mange sild, og mange til. Ei sild, og ei til, visste no dei hadde gjort sitt siste sprell. "Kanskje vi sku' sumt åleine likevel, ei sild, og ei til?"

Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
EKSAMEN TENTAMEN STORE NORSKE