Fred til bry
Artikkel av Stine Pettersen Sandbo
Den amerikanske presidenten Georg W. Bush har nå i januar hatt ein rundtur i Midtausten i blant anna land som Israel, Egypt, Palestina og Iran. Dette er ein oppfølging av fredsmøtet som vart halden i Annapolis, november 2007, kor ønske er ein endelig fred mellom Israel og Palestina samt å bygge opp eit betre forhold mellom dei arabiske landa og USA. Men, likevel har Bush møtt stor motgang før og etter besøket. Det har vore drapstruslar, brenning av flagg, bomber, terror og drap, og nokon kan stille spørsmålsteikn om turen verkelig vart nødvendig i det heile tatt på grunn av uroa blant den irriterte arabiske befolkninga.
Allereie før Bush dro til Midtausten hadde presidenten fått drapstruslar av blant anna Al – Qaida, noko som indikerte at velkomsten til dei arabiske landa ikkje kjem til å bli overveldande. ”Bush burde ønskes velkommen ikke av blomster og applaus, men med bomber og bilbomber”, sa eit Al – Qaidamedlem før presidenten kom, og hatet og uroa var derfor ikkje vanskeleg å merke seg allereie før Bush drog frå amerikansk jord. Men likevel drog Bush for å bevise at truslane ikkje påverka han. Det uønskte besøket har ”ført med seg bomber” der befolkninga har gått mot opprøyr og fleire bosetningar på Gaza følar seg mykje meir usikre nå enn kva dei gjorde før besøket av presidenten. Dette grunner blant anna i at minst sju rakettar og granatar ramma Gaza berre same dag som Bush landet i Tel Aviv.
Mange kritikarar vil kritisere Bush for å ikkje ha noko meining med turen i Midtausten, og besøket vil derfor berre skape meir uro i dei nokså spente landa som Egypt, Palestina og Israel. ”Spørsmålet er hva slags bidrag er det presidenten har med seg”, seier Albright, tidligare utanriksminister i USA. Albright meiner at Bush ikkje har satt seg store nok ambisjonar om å skape ein endelig fred mellom Israel og Palestina grunner til at presidenten endå meiner Israel har krav på dei okkuperte landområda på Gaza og Vestbredden. Dette ergar sjølvsagt Palestina, og heile fredsmeklinga kan derfor verke noko halvhjarta. Uroa Bush ”fredsdua” klarte å erte på seg var for eksempel eit drap på to palestinarar av Israels luftangrep dagen etter Bush forlèt siste stoppestad i Midtausten, Kairo. Opptoga etter besøket av presidenten har trappa mykje opp og det kan derfor stilles kritikk om Bush verkelig hadde noko meining med reisa eller om det berre var ein tur for at presidenten skulle få ein bragd å vise til.
I Egypt var 150 aktivistar klare til demonstrasjon mot besøket av presidenten. Det vart brenning av bilete og flagg, og store folkemengder i Kairo var ute i gatene for å gjere opphaldet til president så surt som mogleg. ”Mannen som har drept irakiske og palestinske barn må stilles for retten, kom deg ut fra landet vårt”, lød eit slagord frå dei urolige folkemengdene. I Egypt har derfor missnøyet av besøket vore sterkast og det har ført med seg sterk uro i landet. Besøket av presidenten i Egypt varte berre i knappe tre timar.
Men, på den andre sia meinar også nokon kritikarar at besøket av Bush er med på å skape eit håp om vidare fred ved for eksempel å besøke Palestina som lenge har hatt eit sterkt hatforhold til USA. Ved å vidareføre fredsmøte i Annapolis prøver Bush å vise vilje til fred og ro, og moglegheitene dei krigsherja landa har. Presidenten har både møtt den israelske og palestinske statsministeren på sin rundtur, og mange vil sjå på dette som eit optimistisk framsteg i håpet om ein endelig fred i Midtausten.
Etter ein nok så overflatisk rundreise vil mange nå hevde at det hadde vore mykje betre om Bush hald seg heime i Washington fordi landa nå er like spent som dei var før Annapolis - møte, om ikkje meir. Fleire arabarar er voren drepen av israelske bombar, hundrevis av menneske har demonstrert i gatene, brenning av flagg og drapstruslar. Det ser ut som Midtausten ikkje trur på presidentens ønske om fred, og de har vist seg at hatet mot amerikansk innblanding er like spent som tidligare. Besøket har ikkje ført med seg anna enn uro, og det var kanskje ikkje for ingenting at ”bombemålet” Bush brukte 25.000 dollar i timen på berre sikkerheita.
|
Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
|
