Myten om den kvite løgnaTekst: Annette V. HaugerEr såkalla ”kvite løgner” berre umoralske, eller i nokon tilfelle til folks eiga beste?I kristendommen er sanning eit viktig tema, vi skal alltid vere ærlege med våre medmenneske, og dei skinnheilage prestane rådar menighetane sine til å fortelje sanninga uansett kva. Eg seier skinnheilage, for tvers igjennom ærlege kan dei umogleg påstå at dei sjølv er. Ingen er heilt ærleg, og spesielt ikkje prestar etter mi meining. Kristendommen er ikkje like populær i dag som han var for 200 år sidan. Det er nok mykje på grunn av vitskapen som veks seg større og sterkare for kvar dag som går. Det norske folket har blitt splitta i to. På den eine sia har vi realistane, og på den andre sia står den utdøande rasen av engasjerte kristne. Det er godt mogleg at prestane trur det dei preikar om er sanninga, men vi realistar veit så mykje betre enn som så. Historia om Adam og Eva til dømes, er som alle veit berre svada. Det har vitskapen bevist ved hjelp av veldig gamle steinar og litt jord. Det er heilt utruleg kva ein kan finne ut når ein grev litt i gamal kompost. For mens prestane spreiar løgnas bodskap om korleis Gud skapte dei perfekte menneska på eit par timar, har vi andre den godaste Darwin å takke for at sanninga om vårt hårete og lågpanna opphav har komme fram. I kristendommen finn vi desse prektige ideala som vi visstnok skal leve opp til. Det einaste gale Adam og Eva gjorde var å ete eit eple… eitt eple. Derfrå har menneskeheita berre gått nedover. Mens våre eigentlege forfedrar med hjerne på størleik med ei valnøtt og sjarm på linje med ein gjødselbille er så å seie umoglege å ikkje overgå. Eg seier som herr Silmandar i burettslaget ”nå kan det bare gå én vei; Bra!” Så sjølv om vi ikkje har nokon forfedrar å vere stolte av eller nokon mål å strekkje oss etter, så må det da vere betre å vite sanninga framfor å leve livet på ein kvit løgn? Og kva er eigentleg ei kvit løgn? Dei løgnene vi serverer anten for å skåne andre, for å komme betre ut av ein kinkig situasjon, eller som i kristendommen, for å motivere folk til å bli betre menneske. Så spørsmålet er vel heller ”Kva er ikkje ein kvit løgn?” Om vi blir tatt for å lyge for nokon kan vi jo berre seie at det var ei kvit løgn og hans formål var å skåne den andre personen. Da skal det plutselig vere i orden. ”Eg gjorde det for di skuld.” Ikkje nok med at vi sannsynlegvis blir loge for kvar dag, men i tillegg skal vi få dårleg samvit for at dei andre blei nøydd til å lyge for oss! Eit liv i fullkommen ærlegdom er nok heller ikkje å anbefale. I kvart fall ikkje om du er kar. ”Ser eg tjukk ut i denne kjolen? Syns du ho har finare puppar enn meg? Korleis kan du spele bowling fire gonger i veka og likevel ikkje få meir enn 97 poeng?” Vi kvinner er nokon utspekulerte vesen, og vi legg ikkje skjul på det. Å leve med ei kvinne er som å campe i eit minefelt. Det minste toalettbesøk kan få katastrofale føljar. Det er vel spesielt i parforhold at dei kvite løgnene går frå å vere ein nødlausning til å bli ein sport. Fortel du alltid sanninga til din kjære, vil ikkje det forholdet overleve bikinisesongen. Og lyg du for mykje, skal du heller ikkje sjå bort ifrå at det skjer seg i lengda. Kunsten er altså å finne den perfekte balansen mellom sanning og løgn. Den optimale kvite løgna. Som einkvar pokerspelers mål, å bløffe nok til å vinne, men ikkje så mykje at det er openlyst. Kristendommen hadde den, men så kom vitskapen og syna bløffen. Om nokon har overtatt stafettpinnen er ikkje godt å seie sidan formålet med ei løgn er å skjule sanninga. Kvifor er vi så redde for sanninga at vi tyr til slike uheiderlege midlar? Dårleg sjølvtillit kan sjølvsagt vere ein grunn. Vi ønskjer at folk skal synast godt om oss, og smørar derfor på litt ekstra for å stelle oss sjølv i eit betre lys. Vi kan også spreie dårlege rykte om andre for at vi skal sjå betre ut i tilhøve. Konkurranseinstinktet vårt skal nok ha mykje av skulda for den uærlege verda vi lever i den dag i dag. Er vi ikkje betre enn naboen får vi snekre i hop ein liten, kvit løgn som gjer at han trur vi er det. Det finnes konkurransar i alt no for tida. Anten du søker på ein jobb eller bestemmer deg for å kaste ein gummistøvel, så er det nokon der som vil forsøke å slå deg. Og når alle dei andre lyg for å fremme si posisjon, kjem du inga vei med den gode, gamle sanninga. Slik har samfunnet vårt blitt. Vi er nøydd til å lyge litt for å komme oss opp og fram, og det kan vi ikkje forandre på med mindre alle gjer det same. Det kjem jo til å skje… ”Hei folkens! Kva om vi berre slutar å lyge?” Det er jo ein kjempeidé, men det seies jo om resirkulering og bruk av tanntråd også. Kjempesmart, og vi latar som vi gjer det, men det er ikkje moro og dermed slutar vi før vi eigentlig har begynt. Den dagen alle menneske i verda brukar tanntråd og resirkulerar kan vi kanskje håpe på ein verden utan kvite løgner. |
|
Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
|
