Det er ikkje lett å vere mann…
Av: Jenny Walderhaug Jensen
Før var det lett å vere mann. Mannsrolla var klar; hardt arbeid frå morgon til kveld enten det var på åkrane i bondesamfunnet eller på fabrikkane i industrisamfunnet. Dei fekk tatt ut kreftane sine i fysisk arbeid. Da mannen kom heim venta ein ferdig middag. Mannen kunne slappe av etter måltidet og ta seg ein lur. Han slapp husarbeid og ungepass.
I dag er ikkje mannsrolla like klar lengre. Arbeidet er langt frå fysisk krevjande og det kan ein også sjå på han. I dag ser vi ein dvask og feit mann, sitjande i ein kontorstol med magen hengande over beltet. Han kan sjå ut som ei overvektig rotte der han sitt. Og det er ikkje berre kiloa som har auka betydeleg i dei siste åra, tjukk i hovudet har han også blitt. For mannen gjer det ikkje så godt på skulen lenger heller. I dag er det kvinnene som har teke over skulebenkane. Jentene jobbar betre på skulen enn gutane og får også betre karakterar. Ein seier at menn framleis er dominerande innanfor visse yrker som til dømes rørleggjar, snikkar, elektromontør osv. Men den einaste rørleggjarsprekken å sjå heime hos meg tilhøyrer mor mi. Sprekken til far min skal eg sjå lenge etter. Han veit knapt nok kva ei skrue er. Men han er ei skrue, det står ikkje til å nekte.
Før var det mannen som styrte økonomien. Det var han som tente alle pengane. Kona styrte i heimen, og hadde ikkje inntekt i det heile. Ho fekk litt lommepengar til mel og potetar og kanskje til eit nytt forkle dersom ho var heldig.
I dag er det dessverre ofte framleis slik at mannen tener mest pengar. Men i motsetning til før i tida, er det kvinna som bestemmer kva pengane skal brukast til. Mannen vil helst sitte heime med ein god fotballkamp på TV, men kvar laurdag er det ikkje uvanleg å sjå menn på kjøpesentra hakk i hæl etter sine koner. Kvinna dreg han med seg etter øyro til all verdens kjøpesenter, kor han tafatt og bortkommen løp etter ho i opptil fleire timar. Og når kvinna endeleg har bestemt seg for kva ho vil ha, kjem mannen inn i bildet, han skal trekkje kortet. Den gamle greske filosofen Aristoteles sa ein gong at ”kvinna er en defekt mann”, og at ”mannen er kvinnas overhode”, eg tør ikkje hevde at mannen nu er ein defekt kvinne, men noen gonger kan vi sjå at kvinna på mange måtar er den regjerande part.
Ja, berre sjå på vårt kjære kongepar, kong Harald og dronning Sonja. Harald vil helst sitte i sofaen med ein pjolter å sjå på sport, mens Sonja sjefar han rundt, og får han til å gjere som ho vil. Når Sonja trong meir pengar til å stramme opp maska enda litt meir, og til å lage ein enda større såte på hovudet enn det ho allereie har, fekk ho Harald til å forlange meir pengar enn dei åtte millionane dei har.
Før var mannen ein staut kar, med skjeggstubbar i andletet. Han var eit ekte mannfolk og Det estetiske var ikkje så viktig. Slik skulle det være. Kleda var plukka ut etter behov, enten det var lange grøne slagstøvlar eller ein knall gul gummihatt. Men han brydde seg ikkje noko om korleis han såg ut.
I dag er kan noen menn virke feminine. Kleda er ikkje plukka ut etter behov. Dei er nøye valt ut etter merke og design, og korleis dei sitt rundt rumpa. Om morgonen er det verken systrene mine eller eg som bruker lengst tid på badet, det er bror min. Han må fikse sveisen. Det gjør han ved å ta i bruk alle mulege slags former for hårprodukt. Han blir aldri nøgd, og mine systrer og eg står tissetrengde utanfor og hamrar på døra. Men det er ikkje berre sveisen som skal fiksas, også øyredobbar, armband, smykke rundt halsen og parfyme er populært blant menn i dag. Og også mannens hårvekst skal bort. Den finn ikkje kvinnene noe særleg attraktivt og i alle butikkar finn vi hårtrimmerar eller nasehårtrimmerar for uønsket hårvekst. Håra på brystet, på ryggen, i nasa og i øyro skal barberast bort. Menn får nesten ikkje lov til å ha hår på hovudet ein gong! Kor er den macho mannen blitt av? Kvinnene søkjer i dag mjuke og følsame menn, som elskar barn. Seier dei. Men når kvinnene er på byen, er det han macho og maskuline mannen dei eigentleg vil ha.
Før trong ikkje mannen å snakke om følelsar. Det betyr ikkje at han ikkje var følsam, for det trur eg sikkert han var. Men han heldt nå det meste for seg sjølve og syntest det var best. I dag må han på død og liv snakke om disse følelsane, fordi kvinna som sjølv aldri får nok av slikt preik, krev at han gjer det. Eg trur ikkje dette er naturleg for mannen, og eg trur ikkje at han blir lykkeleg av det.
Nei, det er ikkje lett å være mann i dag. I dag skil også folk seg meir enn noen gong før. Og det rare er at det alltid er kvinna som tek ut skilsmissen. Kanskje er ho lei av den følsame og skjønsame mannen som ho eingong fell for? Spenninga er borte. Men ikkje berre går ho frå mannen, ho tek også med seg alle deira eigendelar, inkludert huset. Ho tek til og med, med seg hårtrimmeren og nasehårtrimmeren, og igjen sitt han, mannen, med både skjegget og nå det viltvoksande nasehåret i postkassa.
|
Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
|
