Revolusjon norvagisering

Kåseri av: Stine Pettersen Sandbo, klasse 3AAA

Språket vårt er som ein matoppskrift. Ja, kanskje som et stort fat med en skikkelig saftig biff, gode norske potetar til, og er ein kreativ, så har ein i litt fremmendkulturelt krydder. I oppskrifta blir det heile tida lagt til og trekka frå nye ingrediensar, sånn at matoppskrifta er i ein forandring heile tida frå kvar ny person den kjem til. Men, hovudingrediensen er der same kva. Akkurat som språket vårt, det er i forandring heile tida. Kanskje nokon likar biffen godt stekt, mens den andre føretrekkje å lage pommes frittes av potetane, akkurat slik dei gjer i ”det store Amerika”. Sjølv om det norske språk alltid har vore påverka av dei ”truande” fremmendorda som spice og bacon, meiner Norsk Språkråd at det er på tide med en real oppvask: ein norvagisering.

Norsk Språkråd vil gjere den krydra biffen eller pommes frittesen til eit kjedelig måltid kor kokte poteter berre er lov, og biffen skal verre eit lam helst frå indre Hedemark (og gjerne endå lenger inn på vidda så det blir eit skikkelig godt og gammaldags ur - lam). Norsk Språkråd vil ha borte dei ”skumle” engelske låneorda som bacon og catwalk, og heller norvagisere det til bajkon og motemolo. Det skal ikkje heite pommes frittes lengjer, men potetstrimlar, og en norsk backpacker skal i Norsk Språkråd sine øygna heite en trekksekkar. Det er mykje mogleg at talet på backpackerar i Noreg kjem til å gå drastisk ned med framtida om dette blir eit faktum.

Plateryttar er eit nytt omgrep som Norsk Språkråd vil tilføye språket vårt, eller den store oppskrifta. Då tenkjar du mogleg på en form for ryttar som surfar på et moderne akebrett forma som ein cd – plate mens alle måpar av begeistring av en ny sport som til og med lagar musikk. Det er langt i frå sanninga. For alle dykk som ikkje spis lam frå indre Hedemark og kokte norske poteter kvar dag til middag, så betyr plateryttar faktisk ein disc – jockey. En hardbarka muskel – kjekkas som ”shaker” diskoteka rundt om i vera, skal i Noreg nu heite en plateryttar. ”Og plateryttaren i dag er plateryttar Dream and Fly” (helst plateryttar Drømme og Fly om eg skal verre heilt slavisk), og alle dei fulle ungdommane blir med ein gong ”poopers” eller fyllesjuke, og går heim for å sleppe ryttaren. Plateryttar Drømme og Fly blir neppe nokon gjest på Topp 20.

Etter andre verdskrig kom ein babyboom, og neste generasjon igjen blei ein ny babyboom, og snart kjem det nok ein ny babyboom til. Det har vore babybooms i fleire tiår, og mange norske kvinner har vore stolte av å vere ein del av ”boomen” slik som alle andre. Halde oppe befolkningsveksten tenkjar dei og sov godt om natta. Men, i følgje Norsk Språkråd er tida for babybooms snart over. Nå er det fødselsbølgje som skal bli lagt til i oppskrifta. Det skal vere ei bølgje av skrikene og snørrete barn som kjem krabbene inn over landets få og stusslige barnehagar, i en formasjon av ei bølgje. Det høres så skremmene ut. Det er som om det skal komme ei bølgje over alle norske kvinner, og saman skapar dei ei bølgje av hormona og ledige egg, og ut kjem fødselsbølgjen. Ein sov ikkje like godt då lenger.

Ordet headhunting har blitt et omgrep i jobbverda, og det får mange til å trekk på smilebandet og føle seg kry. Det er i bedrifter som har tilsetje som likar å gå i dress, spis på Pascal og vere ”multi – cultural” ved å reise og tene pengar. Norsk Språkråd lik ikkje å gå i dress, få fleire impulsar, og litt ”spice” til oppskrifta er berre truande for det norske språk meiner dei. Når dei skal setje til ein ny språkforskar som sikkert går med lusekofte og vikinghjelm, headhunter dei ikkje, dei er på hodejakt. Det er noko liknande som dei gjer langt nede i urskogen i Indonesia, kor mesteparten av dei innfødde ville ete naboen sin arm som middag. Eg er ikkje sikker på om eg ville ha følt meg kry om eg blei hodejaga. Eg hadde meir mogleg blitt bekymra for at innvandringstalla til Noreg frå Indonesia hadde blitt mykje større, eller om Norsk Språkråd var ute etter en traus og skikkelig nordmann som språkforskar i slekta si.

Å norvagisere det norske språket kjem nok til å ta tid, sjølv om det Norske Språkråd verkeleg sett alle klutar til for å få ”fremmendord – fans” til å bli ordentlig og opphavlige nordmenn. For å få flest mogleg til å gløyme disc – jockey og backpackers skal man ikkje sjå bort i frå at dei opprettar et Språkråd i kvar skule for å stoppe infiseringa av fremmendord så tidlig som mogleg. Vi må berre sjå på NRK, og straffa for å ikkje følgje revolusjonen norvagisering kan bli å pugge ord som krøllealf og trekksekk. I tollen på flyplassen må vi fortolle bort fremmendord vi har lært oss, og til slutt vil alle berre snakke de engelske orda med norsk vri og dimed er vi stort sett tilbake til idealet om den norske rase kor vi går rundt i vikinghjelm, spis kviklunsj og fødelsbølgjen blir født med ski på beina.

Språket vårt er som ein matoppskrift. Sjølv om det heile tida har vore ord som har komme og gått, har vi framleis hovudingrediensane igjen. Det er berre få ord og uttrykk som blir endra på av og til, noe som har vore vanlig gjennom heile den norske historia. Vikingane lånte ord frå England, og vi i dag låner ord frå persisk og tyrkisk. Stautingane i Norsk Språkråd føler nok for å ete eit lam, kor potetene er frå Noreg og krydderet er ikkje meir vågalt enn salt. Dei likar ikkje forandringar, og meiner dimed at språket vårt er på veg til å bli borte på grunn av ”farlige” fremmendord som kjem av den aukande globaliseringa. Eg vil heller ha ete en ordentlig oksebiff frå Amerika, med ”potato balls” og masse krydder. Helst med ein god og spennande saus for å gjere maten meir smakfull og rik. Eg vil ha eit språk som er mangfaldig, kor ein kan si backpackers eller catwalk. Så lenge hovudingrediensane er der, ser er ikkje kvifor norvagiseringen skal bli eit faktum.

Nesodden videregående skole, Kjartan Veldes vei 12, 1450 Nesoddtangen, tlf: 66964200, post(a)nesodden.vgs.no
Ansvarlig redaktør: Erik Heier, Innholdsredaktør: Magnar Kittelsen, Teknisk ansvarlig: Samuel Haugum og Jarle Eldegard
EKSAMEN TENTAMEN STORE NORSKE